Du er her: Start
Barnehagen på tur i Nesvatnet

Søknad om barnehageplass

Ynskjer de barnehageplass i ein av barnehagane i Radøy kommune? Då må de senda inn elektronisk søknad. Frist for hovudopptaket er 1. mars.

Radøy kommune har samordna opptak til alle barnehagane. Det vil seia at de nytter eitt og same skjema uansett kva barnehage de ynsker plass i, og de kan setja opp ei prioritert liste over kva for barnehagar de helst ynskjer plass

Søknadsskjema for barnehageåret 2018/2019

NB: Ynskjer du barnehageplass i dette barnehageåret, brukar du søknadsskjema for barnehageåret 2017/2018

Alle born med rett til plass som søkjer innan 1. mars får barnehageplass. Dei som har rett til plass er born fødd innan 30. november 2017. Søknader som kjem inn etter fristen eller søknader for born som ikkje har rett til plass, vert handsama etterkvart som plassar vert ledige.

Til deg som står på venteliste
Hugs at du må senda ny søknad innan 1. mars dersom du står på venteliste. Dersom du har fast plass, treng du ikkje søkja på nytt!

Til deg som søkjer plass i Bø barnehage
Ved årskiftet 2018/2019 vert det oppstart av arbeid med ny barnehage på Bø. Barnehagen flyttar drifta midlertidig til Manger (i Solhallbygget) og skal ha vera der til ny barnehage står klar våren 2020.  

Når får eg svar på søknaden?
Ein vil få svar på søknader til hovudopptaket i løpet av mars månad. Søknader som kjem elles i året, vert svara på fortløpande.

Spørsmål?
For spørsmål om barnehagetilbodet eller -opptaket i Radøy kommune, kontakt kommunalsjef for oppvekst Olaf Hella tlf. 56 34 90 18 eller Rita Valdersnes Amundsen  tlf. 56 34 90 66 eller den barnehagen du ynskjer plass.

Web levert av CustomPublish