Du er her: Start»Skule

Skule og opplæring

Me har fire barneskular og ein ungdomsskule på Radøy. I tillegg tilbyr PPT, vaksenopplæringa og musikk- og kulturskulen opplæringstenester.

I Radøy kommune har me følgjande einingar/avdelingar innan skule og opplæring.

I tillegg ligg ungdomskoordinatoren under sektor oppvekst.

Informasjon om skulane og SFO-tilbodet deira finn du på kvar skule si side.

Musikk- og kulturskulen gjev tilbod i tre av skulekrinsane innafor musikk for elevar frå 3 år og oppover. Me har førebels eit kunst-tilbod på Hordabø, men tilbodet innan andre kunstartar enn musikk er under utvikling.

Vaksenopplæringa gjev først og fremst tilbod om norskopplæring for vaksne innvandrarar, men tilbyr også ein del andre tenester. Kontaktpersonar for vaksenopplæringa er kommunalsjef oppvekst Jo Bjarte Tømmerbakke, og oppvekstrådgjevar Helge Vallestad.

Radøy PPT, den pedagogisk psykologiske tenesta, er plassert på Manger.

For spørsmål om skuletilbodet i Radøy kommune, kontakt kommunalsjef oppvekst Jo Bjarte Tømmerbakke, oppvekstrådgjevar Helge Vallestad, eller den skulen du soknar til.

Web levert av CustomPublish