Strendene våre flyt over av søppel. No inviterer kommunen radværingane til eit informsjonsmøte 19. april i forkant av den store strandrydde-dagen. ILLUSTRASJONSFOTO: Utlånt NGIR

Strendene våre flyt over av søppel. No inviterer kommunen radværingane til eit informsjonsmøte 19. april i forkant av den store strandrydde-dagen. ILLUSTRASJONSFOTO: Utlånt NGIR

Skal rydda strendene på den «grøne øya»

Radøy vil vera med på den store strandrydde-dugnaden. Kommunen inviterer til informasjonsmøte på rådhuset onsdag 19. april kl. 20.00.

Enkelte stader på Radøy har eldsjeler alt vore i aksjon og gjort ein flott jobb. No ønskjer kommunen å få endå fleire radværingar med på den store dugnaden for å rydda strendene for avfall.

- Lat oss reinska «øynæ vår», er oppfordringa frå ordførar Jon Askeland.
Han inviterer radværingane til informasjons- og drøftingsmøte 19. april om gjennomføringa av strandryddinga. Ordføraren kan frista med lett servering til alle som blir med.
Sjølve ryddedagen er planlagt laurdag 6. mai, som er den nasjonale strandrydde-dagen.

Fekk augene opp
Dei som har vore i aksjon med strandrydding både i og utanfor Radøy, har funne store mengder boss. Den seinare tid har det vore større fokus på kva problem det marine avfallet medfører både for naturen vår. Mange har fått augene opp for kor alvorleg avfallet etter å ha fått med seg den triste historia om kvalen som stranda på Sotra med magen full av plast.

Alvorleg situasjon
NGIR slår fast at den marine forsøplinga i regionen vår er stor, mykje på grunn av geografisk plassering i høve havstraumane. Typisk avfall langs kysten vår er trålenot, tau, plastkanner, flytepontongar, bildekk, isopor og mindre plastartiklar. Størstedelen av avfallet er plass som over tid vert ned til mikroplast, som endar opp i næringskjeden og på matfatet vårt.
Marin forsøpling er påvist i til dels store mengder langs norskekysten og på Svalbard. I problemområda vil marin forsøpling kunne vera ei ekstra belastning og vera ein trussel for dyrelivet som finst der.

NGIR fornøgd med stort engasjement
NGIR er glad for det store engasjementet for å halda strendene våre reine, og oppfordrar flest mogleg til å bli med på aksjonen.
- Dugnadsviljen er stor, og mange strender vert rydda i desse dagar.  Me ønsker oss reine strender, rein kyst, reint hav og eit havbotn utan skrot og boss.

 

Web levert av CustomPublish