Sjølvbetening

Radøy kommune ynskjer å leggja til rette for at kommunikasjon mellom kommunen og innbyggjarane kan skje elektronisk. Me vil difor gjera stadig fleire elektroniske skjema tilgjengeleg på vår nettside. De vil også finna fleire sjølvbeteningsløysingar som postlister, kart og planarkivet på desse sidene. Oversikt over alle sjølvbeteningsløysingar finn de i menyen oppe på den grøne lina.

Førebels er dei fleste skjema i pdf-format. Desse må skrivast ut og sendast kommunen i utfylt stand. Der ikkje anna er nemnd, skal desse sendast til Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no. Det er viktig at skjema som inneheld sensitiv informasjon ikkje vert send på e-post.

Ta kontakt med kultur- og sørvistorget i Radøy kommune om du treng hjelp.

Web levert av CustomPublish