Sissel Mary Frotjold er prosjektleiar for felles barnevern i Lindås, Meland og Radøy.

Sissel skal leia felles barnevern

Sissel Mary Frotjold (46) har fått jobben med å leia prosessen med å samkjøra eit felles barnevern for Lindås, Meland og Radøy.

Prosjektleiaren er alt i gang med jobben, med kontor i rådhuset på Manger. I god dialog med barnevern-tilsette i dei tre kommunane skal ho utforma den framtidige barnevern-tenesta i Alver kommune.
- Det er svært viktig å byggja opp ei barnevern-teneste med tilfredsstillande kvalitet, kapasitet og kompetanse, som sikrar gode tenester og skapar tillit hjå innbyggarane, seier Sissel Mary Frotjold.

Samarbeid og brukarmedverknad
- Elles er forventningane å ha ei tidsriktig organisert barnevernteneste som har brukarmedvirkning, familieråd/slekt-og nettverksarbeid, samarbeid og kommunikasjon som vesentlege faktorer. Me skal vera godt rusta til å handtera dei endringane og utfordringane som ein ny kommune vil medføra, seier Frotjold. I den nye kommunen går prosjektleiaren over til å bli barnevernleiar.

Brei erfaring
Prosjektleiaren for felles barnevern er oppvaksen i Radøy. Ho kjem frå jobb som leiar for fosterheimstenesta i Bergen og omegn, og som regional leiar for adopsjon i BUF-etat region vest. Før det var Sissel Mary Frotjold einingsleiar for Inntak og Oppfølging og BUFetat. Ho har ti års erfaring som einingleiar for barnevern i Oslo (bl.a. Ekeberg-Bekkelaget, Nordstrand og Grorud), med mellom 10 og 50 tilsette ved dei forskjellege kontora, prosjektleiar for rådhuset i Oslo knytt til kriminalitetsforebyggande tiltak - samarbeid med bydelar, skuleetaten og politiet.
Frotjold er utdanna barnevernpedagog, har rettleiarutdanning, diverse leiaropplæringsprogram/leiarskule, og ho er LEAN-navigatør. Ho har også vore leiar for nasjonale forhandlingar med private aktørar for barneverntiltak i regi av BUFdir/BUFetat.

 

Web levert av CustomPublish