Stort hjelpebehov i Moldova. Foreninga Radøy for Moldova hjelper folk ut av fattigdomen

Stort hjelpebehov i Moldova. Foreninga Radøy for Moldova hjelper folk ut av fattigdomen

Rydd - og gje vinterklede- og sko denne veka

Foreininga Radøy for Moldova(tidlegare Crihana Veche-aksjonen) hjelper stadig fleire menneske ut av fattigdommen. Likevel er det framleis mange som har det vanskeleg, særleg om vintrane, som er kalde og harde der nede. Radøy for Moldova har fått spørsmål om å samla inn vinterklede og vintersko for utlevering til hausten, og har no ei innsamling gåande.

- Me kjenner radværingane sitt varme hjarta til å hjelpa andre, så me tenkte at ei innsamling no også er eit greitt høve for oss alle til å rydda litt etter vinteren, seier styreleiar Jostein Dale i Radøy for Moldova. Me treng klede og sko i alle storleikar. Om det er noko slitasje gjer ingenting, men dei bør vera heile og reine, seier han. Pakk dei inn i posar/pappøskjer. Sko bør bindast saman, så me ser at det er heile par.

Du kan levera inn klede og sko i merka bil/konteinar ved Bunnpris Bøvågen, Felleskjøpet Manger og eggutsalet på Dale. Innsamlinga går føre seg ut denne veka, til og med laurdag 20. mai.

Web levert av CustomPublish