Frå opninga av balanselina som delvis vert finansiert med spelemidlar.

Rullering av handlingsprogram i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø 2016-2026

Radøy kommune skal rullera handlingsplanen i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø som vart i 2016. Planen legg føringar for kommunen sine satsingar innan idrett, friluftsliv og nærmiljø, og er i tillegg styrande for korleis kommunen skal prioritera innkomne søknader om spelemidlar. Frist for å koma med innspel er 15. juni.

Handlingsplanen skal rullerast årleg. I forkant av denne rulleringa ber me om innspel til handlingsplanen. Er det nye anlegg som bør inn i planen? Kva for anlegg bør prioriterast høgast? Er det andre tiltak, utanom utbygging av anlegg, som kommunen bør gjennomføra innan idrett, friluftsliv og nærmiljø? Framlegg til ny handlingsplan vil verta handsama i idrettsrådet før den vert politisk vedtatt.

Innspel til handlingsplanen kan sendast Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no innan 15. juni.

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø kan lesast her: http://www.radoy.kommune.no/planar-og-styringsdokument-a-a.315712.nn.html

Web levert av CustomPublish