Rullering av handlingsprogram i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø 2016-2017

Radøy kommune skal kvart år rullera handlingsprogrammet i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø. Frist for å koma med innspel til rulleringa er 15. juni. 

Kommunedelplan for idrett friluftsliv og nærmiljø vart vedtatt i 2016. Denne planen legg føringar for kommunen sine satsingar innan idrett, friluftsliv og nærmiljø, og er i tillegg styrande for korleis kommunen skal prioritera innkomne søknader om spelemidlar. 

Handlingsplanen skal rullerast årleg. I forkant av denne rulleringa ber me om innspel til handlingsplanen. Er det nye anlegg som bør inn i planen? Kva for anlegg bør prioriterast høgast? Er det andre tiltak, utanom utbygging av anlegg, som kommunen bør gjennomføra innan idrett, friluftsliv og nærmiljø?

Innspel til handlingsplanen kan sendast Radøy kommune, 
Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller på e-post til 
postmottak@radoy.kommune.no innan 15. juni. 

Sjå gjeldande Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og nærmiljø. 
 

Web levert av CustomPublish