Hellaneset_cropped_1431x667

Velkomen til Radøy!

Du er garantert rikeleg med frisk luft – berre ein kort kjøretur frå Bergen. På Radøy kan du kjenna brisen svala kroppen og ta deg eit sjøfriskt bad ein fin sommardag. Og du kan oppleva bølgjene slå kraftig mot land når vinden stormar frå vest.

Radøy er aldri grå. Grønkledde bakkar helsar deg velkomen om våren, og om hausten kan du sjå lynget glitra tårevått. Naturen på Radøy er rik på kontrastar. Det må berre opplevast.

Her kan du bada og fiska i sjø og ferskvatn. Kjem du sjøvegen finn du alltid ei lun hamn å leggja til i. Du kan gå fine turar i skog og mark, og langs godt merkte stiar. Her kan du oppleva storfuglen på nært hald, eller få hjort og anna vilt i sikte.

Me kan også by på spennande kulturopplevingar. På Vestnorsk Utvandringssenter har me flytta det norske Amerika til Radøy. Og i Tjorehagen kan du fryda deg over hundrevis av rhododendron og andre plantar, og samtidig la deg imponera over eit eineståande livsverk. I Skageneset får du lokal krigshistorie tett inn på livet.

Tek du turen til tusenårsstaden vår, kan du sjå vidt utover Manger-sokna og la augene kvila på ein vakker solnedgang i horisonten.

Radøy kommune ligg sentralt i Nordhordland. I aust grensar kommunen til Lindås, i sør til Meland, i nord til Austrheim og mot vest ligg Fedjefjorden som fører ut til Nordsjøen og oljeeventyret.

Radøy er grøn – også på toppane. Me likar å kalla oss for den grøne øya – og meiner me kan gjera det med god grunn.

Web levert av CustomPublish