Ørjan Raknes Forthun er tilsett som prosjektansvarleg og rådmann i Alver kommune

Raknes Forthun programansvarleg og rådmann i Alver kommune

Fellesnemnda har i dag innplassert dei tre rådmennene i nye stillingar i Alver kommune. Rådmann i Lindås kommune, Ørjan Raknes Forthun blir programansvarleg i perioden fram til 31.12.2019 og rådmann i Alver kommune frå 1.1.2020.

Rådmann i Meland kommune, Martin W. Kulild blir frå 1.1.2020 assisterande rådmann med ansvar for strategi og tenesteutvikling, og rådmann i Radøy kommune, Jarle Landås blir frå same tid assisterande rådmann med ansvar for juridisk og eventuelt plan.

Det var på møtet i fellesnemnda i september det vart vedtatt at dei tre rådmennene skulle innplasserast i den nye kommunen, og at den eine skulle bli programansvarleg og sidan rådmann.

Prosessen har vore styrt av eit tilsetjingsutval som har bestått av ordførarane og koordinerande tillitsvalt. Tilsetjingsutvalet har fått ekstern bistand frå rekrutteringsselskapet Visindi AS.
- Det er svært viktig for den vidare prosessen at dette no har fått si løysing, seier leiar i fellesnemnda, Øyvind H Oddekalv.

 

Web levert av CustomPublish