Bilete av symjebassenget i Radøyhallen

Bilete av symjebassenget i Radøyhallen

Radøyhallen

Radøyhallen er eit kommunalt idrettsanlegg med idrettshall, 25-metersbasseng, terapibasseng og innandørs skytebane. I tilknyting til hallen ligg Ungdomens hus. Radøyhallen ligg på Manger, like ved Radøy ungdomsskulen. Opningstider for bassenga finn du til høgre.

Radøyhallen vart offisielt opna 1. januar 1988 og har sidan ytt eit breitt sørvistilbod til publikum, lag og organisasjonar i og utanfor kommunen. Idrettshallen har høgt belegg, både idrettshall- og symjehalldelen.

Bassenga opnar 1. september kvart haust og er opne til og med 31. mai, med redusert opningstid i mai. Stengt i juleferien og påskeferien. På grunn av oppussing av garderobar i Radøyhallen vert både symjehallen og terapibassenget stengt frå 11. desember til 7. januar. 

Opningstider for offentleg bading finn du til høgre, eller du skroller ned om du les på mobil.

For leigetakarar: Radøyhallen har ein kalendar med oversikt over opptatt/ledig tid i hallen. 
Stort sett alle kan leiga i Radøyhallen, men det er (frå og med mars 2017) ikkje tillatt med hunde- og katteutstilling i hallen og ein set krav om at alkohollov med forskrifter vert følgde.  

For tinging av tid i terapibassenget, ring Radøyhallen tlf. 56 34 91 40 i opningstida til bassenga.

For tinging av tid i hallen eller for å leiga heile bassenget/bassenga, kontakt Kultur- og sørvistorget (tlf. 56 34 90 00) postmottak@radoy.kommune.no). Dersom ein skal leiga eit av bassenga, må badevakten ha livbergingskurs teke i Radøyhallen for mindre enn eit år sidan.  

Bassenga i Radøyhallen er opne frå 1. september til 31. mai. ​I mai er bassenga opne tysdagar og laurdagar.

Reklameskilt i Radøyhallen?
Fyll ut dette skjema og send til postmottak@radoy.kommune.no.

Web levert av CustomPublish