Restaurert kvernhus på Marås

Restaurert kvernhus på Marås

Radøy kommune sitt kulturminnefond har søknadsfrist 1. september

Radøy kommune sitt kulturminnefond skal nyttast til å ta vare på verdifulle og verneverdige bygningar, kulturmiljø og andre typar kulturminne i Radøy kommune. Ynskjer du å søkja midlar frå fondet, må du gjera det innan 1. september.

For meir informasjon om denne tilskotsordninga, sjå statuttane for kulturminnefondet. Det er i år 33 000 kroner til fordeling.  

Treng du hjelp til å utarbeida søknaden, kan du kontakta Arild Sætre på kulturverntenesta i Nordhordland tlf. 55251806/ 95048705. Denne tenesta er gratis for private eigarar av kulturminne i Radøy kommune. 

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Bente K. Hervik på e-post bente.hervik@radoy.kommune.no eller på tlf. 56 34 90 12. 

Søknader skal sendast:
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no.

Merk at søknaden skal innehalda tilstandsrapport, planar for utføring av arbeidet, kostnadsoverslag, framdriftsplan og finansieringsplan.

Web levert av CustomPublish