Publikasjonar

Radøy kommune gjev kvart år ut fleire publikasjonar. Dei fleste av desse er kommunal informasjon, som t.d. budsjett, rekneskap og årsmeldingar, men me gjev også ut mellom anna informasjonsblad og turistbrosjyrer med jamne mellomrom. Raødy kommune gjev også ut bygdeboka Radøy gjennom tidene.

RadøyNytt
Radøy kommune har eige informasjonsblad som kjem ut nokre gonger i året. Ta kontakt med kultur- og sørvistorget om du ynskjer å sjå tidlegare utgåver.

Gards- og ættesoga Radøy gjennom tidene
Radøy kommune gjev ut gards- og ættesoga Radøy gjennom tidene. Dette bokverket er ei soge med vekt på det historiske stoffet. Her finn du både slekter og historiske fakta, og mange godbitar og interessante glimt frå farne tider. Forfattar er Anders Haugland, som er lektor med hovudfag i historie. Anders Haugland er frå Ølen i Vindafjord kommune i Rogaland, men ættar frå Radøy.

Bygdeboka kan kjøpast hjå lokale bokhandlarar i Nordhordland og Bergen, eller på Kultur- og sørvistorget i Radøy kommune. Pris pr. bind er 500 kroner. Me tar ikkje betalt for porto ved utsending.

Sjå oversikt over innhald.

Årsmeldingar, budsjett og rekneskap

Kvart år får politikarane årsmelding, rekneskap og budsjett for Radøy kommune til handsaming. Desse dokumenta er viktige styringsdokument for politikarane.

Sjå årsmeldingar, budsjett og rekneskap for dei siste åra.


Andre publikasjonar

Radøy kommune har gjeve ut mange publikasjonar. Ta kontakt med kultur- og sørvistorget om du ynskjer å sjå nokon av desse.

Web levert av CustomPublish