Avlaupsslange

Private avlaupsanlegg

Byggesaksavdelinga i Radøy kommune handsamarar saker som gjeld private avlaupsanlegg og søknad om utsleppsløyve.

Utslepp av avlaupsvatn i Radøy kan skje via kommunalt avlaupsanlegg eller privat avlaupsanlegg.

Kommunikasjon med kommunen i spørsmål som gjeld private avlaupsanlegg:

  • Du kan ta kontakt med byggesaksvakten torsdag mellom klokka 09.00 og 15.00 på telefon eller ved frammøte på rådhuset.
  • Du kan sende e-post til utslepp@radoy.kommune.no
  • Du kan tinge møte med sakshandsamar.

Før det kan etablerast privat avlaupsanlegg må det søkjast både om utsleppsløyve etter ureiningslova med forskrifter og løyve til å utføre sjølve arbeidet etter plan- og bygningslova. Både arbeid med søknaden og sjølve arbeidet med avlaupsanlegget må utførast av eit kvalifisert føretak.

Lokal forskrift om utslepp frå mindre avlaupsanlegg i Radøy kommune er styrande for kva type avlaupsanlegg som vert godkjent på eigedomen din.

 

Web levert av CustomPublish