Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal utarbeide ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

 Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna:

  • tidleg eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • opplæring i punktskrift, nødvendige tekniske hjelpemiddel og mobilitet for blinde og sterkt svaksynte elevar

Radøy PPT tek òg del i systemretta tiltak som t.d. ressursdagar i 1. klasse, helseteam, ansvarsgrupper, Zippys vener og Systematisk observasjon av lesing (SOL).

Web levert av CustomPublish