Politisk styring

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ med overordna ansvar for heile kommunen si verksemd. Kommunestyret gjer vedtak på kommunen sine vegne så langt ikkje noko anna følgjer av lov eller vedtak om delegering av mynde til formannskap, hovudutval, anna politisk organ eller rådmannen. Kommunestyret vert leia av ordføraren, med varaordføraren som stadfortredar. Kommunestyret i Radøy kommune har 25 representantar.

Sju av representantane i kommunestyret sit i tillegg i formannskapet. Formannskapet fører mellom anna tilsyn med kommuneforvaltninga og førebur saker for kommunestyret. Formannskapet avgjer også ei rekkje saker på eiga hand. I Radøy kommune fungerer formannskapet i tillegg som kulturstyre og valstyre.

Radøy kommune har i tillegg eitt hovudutval for saker relatert til plan, landbruk og teknisk (PLT). Hovudutval for plan, landbruk og teknisk handsama og gjera vedtak eller gi innstilling til kommunestyret i saker som gjeld mellom anna vatn, avløp, renovasjon, byggesaker, landbruk og miljøvern.

Radøy kommune har i tillegg ei rekkje andre råd og utval som gjev råd og fattar vedtak innanfor dei områda dei har fått delegert mynde.

Arthur Kleiveland er politisk sekretær for formannskapet og kommunestyret. Tove Pedersen Sylta er sekretær for hovudutval for plan, næring og teknisk og Monika Gabrielli er sekretær for eldrerådet og råd for menneske med nettsett funksjonsevne.

Web levert av CustomPublish