målebånd

Oppmålingsteneste i Radøy kommune

Oppmålingsavdelinga utfører oppmålingstenester og handsamar seksjoneringssaker. Avdelinga har ansvar for ajourføring av kart og matrikkel (eigedomsregister) og adressetildeling.

Oppmålingsavdelinga utfører oppmålingstenester etter matrikkellova og handsamar seksjoneringssaker etter eigarseksjonslova.

Kommunikasjon med oppmålingsavdelinga

  • Du kan ta kontakt med oppmålingsavdelinga måndag eller torsdag klokka 09.00-15.00 på telefon eller ved frammøte på rådhuset.
  • Du kan sende e-post til oppmålingsavdelinga.
  • Du kan tinge møte med oppmålingsavdelinga.
  • Du kan tinge kart til ulike føremål hjå oppmålingsavdelinga
  • Alle søknader og saksdokument som vert sendt elektronisk skal sendast til dokumentsenteret i Radøy kommune for postføring.

Skjema for søknad om deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning og naboliste får du på kultur- og sørvistorget på rådhuset.

Kart kan du også hente i kartportalen for Nordhordland

 

 

Web levert av CustomPublish