Mange flotte aktivitetar i Radøyhallen i haustferien

Open hall og filmkveld i haustferien

Radøy ungdomsklubb tilbyr ei rekkje aktivitetar for barn og unge i haustferien – alt frå Open hall til filmkveld og tur til Vannkanten.
 

Måndag 9.oktober og torsdag 12.oktober er det OPEN HALL i Radøyhallen – med gratis inngang:
Kl. 13.00-17.00 for alle (born til og med 7.kl. må koma i følgje med vaksen)
Kl. 17.00-21.00 open hall for ungdom

Klar for sumobryting i Open hall i haustferienDet er aktivitetar som hoppeslott, sumobryting, borrelåsvegg, hoppemadrass, gladiatorbane og BUMPERZ.  Og innimellom aktivitetane kan du kosa deg med mat og drikke i kiosken i Ungdommens hus (klubben tar kort). I alt 20 ungdommar er kvar dag klare til å ta i mot store og små.

FilmdagUngdomskoordinatoren inviterer til gratis film i kinosalen på rådhuset tysdag 10. oktober, med markering av verdsdagen for psykisk helse som har tema: «Noko å glede seg over».Kl. 14.00-15.30: Filmen Baby Boss for alle
Trailer: https://www.youtube.com/watch?v=QNlt0EgNMHc

Kvelden fortsett med filmkveld for ungdom mellom 8.klasse-3.VGS:

Kl. 15.50-18.00: Fast & Furious 8
Kl. 18.20-20.30- Guardians of the Galaxzy 2
Kl. 20.50-23.00 – Wonder Woman

Onsdag 11.oktober reiser ungdomane til Vannkanten. Her er påmeldinga avslutta.

 

Web levert av CustomPublish