Økonomisk rådgjeving

Har du betalings- eller gjeldsproblem, kan kommunen gi deg økonomisk rådgjeving. 

Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med dei du skyldar pengar. Kommunen kan hjelpa deg å setja opp eit realistisk budsjett, forhandla med kreditorar og inngå ei gjeldsordningsavtale.

I Radøy kommune er det sosialkontoret som gjev økonomisk rådgjeving. 

800GJELD

Nav har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing. Tenesta har opningstid kvardagar frå kl. 09.00-15.00. Telefonnummeret er 800 45 353, som tilsvarer 800G-J-E-L-D på telefontastaturet.

Tenesta er gratis for brukarar frå fasttelefon, og brukarar som ringer frå mobiltelefon kan verta ringt oppatt. 

Les meir om tenesta på NAV sine nettsider

.

Web levert av CustomPublish