Nye reglar om elevane sitt skulemiljø

Elevar som ikkje har eit godt og trygt skulemiljø skal få rask hjelp. Dersom skulen ikkje følgjer opp ei melding innan ei veke, kan elevar og føresette ta direkte kontakt med Fylkesmannen.

Regelverket for skulemiljøet til elevane er skildra i kapittel 9A i Opplæringslova. Dei nye reglane gjeld frå 1. august 2017.

Endringa skal skjerpe elevane sine rettar og skulen sine pliktar, og gir Fylkesmannen ei heilt ny rolle.

Skulane si aktivitetsplikt er skjerpa inn, som betyr at alle tilsette på skulen har plikt til å følgje med, gripe inn, undersøkje saka, varsle og gjere tiltak.

Dersom skulen blir varsla om til dømes ei mobbesak utan å følgje opp, kan elevar og føresette ta direkte kontakt med Fylkesmannen.

Kva seier det nye regelverket?

Aktivitetsplikta er delt i fem:

  1. Plikt til å følgje med: Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den einskilde å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.
  2. Plikt til å gripe inn: Alle skal gripe inn ved krenkingar. «Gripe inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon.
  3. Plikt til å varsle: Rektor skal varslast ved all mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.
  4. Plikt til å undersøkje: Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vere låg. Plikta blir alltid utlløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.
  5. Plikt til å setje inn tiltak: Skulen har ei plikt til å setje inn tiltak som er eigna til å sørgje for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgje opp tiltaka og evaluere korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløyse aktivitet og plikt til å setje inn tiltak.

Involverte elevar skal bli høyrt, og eit grunnleggjande omsyn skal vere elevane sitt beste.

Når det skal setjast i verk tiltak, skal skulen lage ein skriftleg plan for dette. Skulen skal også dokumentere kva som er blitt gjort for å løyse saka.

Når kan du varsle Fylkesmannen?

Tanken bak den nye rolla til Fylkesmannen er å gi elevar og føresette ein moglegheit til å prøve saka si utanfor skulen.

Når det blir sendt ei melding til Fylkesmannen, må dette vere på plass:

  • saka blir meldt inn av elev eller føresette
  • saka handlar om skulemiljøet til eleven og aktivitetsplikta til skulen
  • saka er tatt opp med rektor, og det er minst fem dagar sidan saka blei varsla til rektor

Nye retningsliner i Radøy kommune

Vi har endra retningslinene våre for arbeidet med skulemiljøet, i samsvar med endringane i lovverket.

Ei av målsetjingane i Radøy er «Tryggleik, Trivsel og Livskvalitet for alle». For å lukkast med denne målsetjinga og sikre elevane sine rettar til eit trygt og godt skulemiljø, er vi avhengige av at alle medverkar aktivt og positivt for at elevane skal ha ein trygg og god skulekvardag. Det gjeld både tilsette, elevar og føresette.

Vi må stå saman for eit godt skulemiljø! Lukke til med dette viktige arbeidet, og god skulestart til alle saman!

Web levert av CustomPublish