Nordhordland digitalt

Nordhordland digitalt er eit samarbeid kring geodata, plan, byggesak og miljø. Felles utstyr for oppmåling, sams geodataservar, gebyrmalar, og kart på web. Samarbeidet på kartportal er og saman med Norge digitalt.

Nordhordland digitalt er eit samarbeidsorgan for fagområda, geodata, oppmåling, plan, byggesak og miljø. 10 kommunar er med i samarbeidet. Nordhordland digitalt har eit fagstyre med medlemmer frå alle kommunane, og ein fagsekretær, Harald J Stanghelle, som organiserer arbeidet og held fokus i dei mange gjeremål desse fagfelta inneheld.

Geodataavdelingane er ein leverandør av tenester til alle einingar, alt kan setjast på eit kart og kartgrunnlag som er oppdatert er viktig. Ved deltaking i ulike prosjekt har Nordhordland digitalt synt seg som pådrivar av tiltak som kjem kommune, region og nasjon til gode. Eit av prosjekta var medverkande til at kartdata vert tilgjengelege på Internett så raskt som mogeleg.

Kartportal for Nordhordland er www.nordhordlandskart.no Det er tilgjengeleggjering av kartdata frå Nordhordland digitalt på Internett. Portalen er  brukt til informasjon til innbyggjarane, digitalisrring og stadfesting av informasjon frå inbyggjarar, og ulike føremål i administrasjonane i kommunane. Å få kartdata ut til innbyggjarane er ei viktig oppgåve for Nordhordland digitalt.

Meir enn 100 ekspertar i kommunane, som landmålarar, plankonsulentar, byggesakshandsamarar og konsulentar innan forureining og miljø arbeider i eit utviklande miljø, som gjer oss glade på jobb.

I eit miljø der alle kan koma med sin idé og dela sine erfaringar med kollegaar i andre kommunar er du ikkje einsam i den små kommunen. Du har mange kollegaer i Nordhordland digitalt som syter for støtte og hjelp når du treng det. Glade og insprerte medarbeidarar gjev dei beste tenestene til lokalsamfunnet.

Det er i lokalsamfunnet inbyggjarane er og me hjelper med våre tenester til utvikling, tilgode for alle.

 
Web levert av CustomPublish