Beskrivelse
Styresmakter og publikum veit i dag mykje om kor viktig miljøet er for helsa, og om kva som kan føre til sjukdom og plager. Kommunen har eit ansvar for å drive førebyggjande arbeid og føre tilsyn med ulike miljøfaktorar og verksemder, slik som institusjonar, fabrikkar, serveringsstader og husdyrhald. Har du helseplager eller blir utsett for helserisiko som knytter seg til forhold i omgivnadene, kan du melde frå om dette til kommunen. Kommunen kan undersøkje saka og eventuelt gi pålegg om konsekvensutgreiingar, retting, tvangsmulkt eller stansing.
Plager kan for eksempel knytte seg til:
• Inneklima i offentleg bygg
• Støy
• Luftforureining eller lukt
• Skadedyr
• Risiko for ulykker
• Røyking
Målgruppe
Innbyggjarar i kommunen
Vilkår
Det er ikkje nødvendig at det ligg føre helseskadar eller ulemper før du seier frå til kommunen. Det kan vere aktuelt å setje i verk tiltak før slike situasjonar oppstår.
Saksbehandling
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin måned, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.
Kommunen vil utøve et faglig skjønn. Det må være et rimelig forhold mellom nytte og kostnad ved et tiltak.
Klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Dersom kommunen bestemmer seg for ikkje å gjere noko med saka, blir også dette rekna som eit enkeltvedtak som den eller dei som har interesser i saka kan klage på. Klagefristen er normalt tre veker. Dersom du ikkje har fått informasjon om at kommunen ikkje vil gjere noko med saka, gjeld ikkje klagefristen. Du må likevel setje fram klaga i rimeleg tid etter at kommunen har avslutta saka. Du sender klaga til den instansen som har gjort vedtaket.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.