Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljøvenleg og samstundes lønsamt. Verksemda gjennomfører ein miljøanalyse, og funna i denne analysen fortel kva verksemda må gjere før ho kan bli sertifisert. Auka kjeldesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvere er positive resultat som ein oppnår. Stadig fleire offentlege instansar og private bedrifter stiller krav til leverandørane sine om at dei er miljøsertifiserte. Sertifisøren tinger sertifikatet hos Stiftinga Miljøfyrtårn og sertifikatet blir skrive ut av sertifisøren og ordføraren i kommunen.
Private og offentlege verksemder
Sertifiseringsordninga blir forvalta av Stiftinga Miljøfyrtårn. Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Landsorganisasjonen (LO), Handels- og servicenæringenes Hovedorganisasjon (HSH), Bedriftsforbundet, kommunar/fylkeskommunar og KS - kommunane si interesseorganisasjon, har representantar i styret i stiftinga.
Verksemda kontaktar ein miljøfyrtårnkonsulent som hjelper til å velje bransjekrav. Det er utvikla krav innanfor ulike bransjar (for eksempel røyrleggjar, hotell, barnehage og skule). Med støtte frå konsulenten gjennomfører verksemda så ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava, kontaktar konsulenten kommunen sin sertifisør. Verksemda blir sertifisert og rapport blir sendt til Stiftinga Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen. Etter tre år skal verksemda resertifiserast. Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftinga Miljøfyrtårn.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223