Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Næring / Landbruk / Landbrukseigedom - kjøp

Beskrivelse

Alle tileigningar av fast eigedom som arv, gåve, kjøp og stifting av bruksrett for lenger enn ti år, er i utgangspunktet konsesjonspliktige. Konsesjonsplikta gjeld hovudsakeleg for

  • eigedommar som det er bygd på over 100 dekar eller 20 dekar fulldyrka jord
  • eigedommar som det ikkje er bygd på over to dekar

Dei som tileignar seg eigedom frå nære slektningar, er unntatt frå konsesjonsplikt. I tillegg kan overdraging av eigedom vere unntatt konsesjonsplikt på grunn av karakteren (storleiken) på eigedommen eller stillinga til den som har tileigna seg eigedommen ("erververens stilling").

Målgruppe

Dei som tileignar seg landbrukseigedom.

Vilkår

Ved landbrukseigedommar må konsesjonstileigninga vere i tråd med føremålet i konsesjonslova. Det tyder at det m.a. skal takast omsyn til behovet til framtidige generasjonar, friluftsinteresser og busetnad. Det kan lempast på vilkåra etter søknad.

Pris

  • 3 promille av første million av omsetningsverdi
  • 2 promille av overskytande omsetningsverdi

Dersom kjøpesummen ikkje er over 1 mill., skal minimumsgebyret på kr 750 betalast.

Veiledning

Du må bruke skjema frå Statens landbruksforvaltning når du skal søkje om konsesjon.

Vedlegg

Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.

Søknadsfrist

Fire veker etter at avtalen blei gjort eller den som tileignar seg eigendommen fekk råderett over eigedommen.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan blir avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Kommunen behandler saker etter konsesjonslova. Før vedtak blir gjort, kan kommunen halde synfaring, oppmåling, kartlegging og bonitering av eigedom og busetnad.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no