Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Tekniske tenester / Vegvedlikehald

Beskrivelse

Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. (Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar, staten for riksvegane.) Tenesta skal sikre at vegen er framkommeleg, trygg ferdsel og ta vare på miljø- og samfunnsinteresser. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøve ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem. Vedlikehaldet kan omfatte feiing og reinhald, fjerning av søppel, klipping av vegetasjon, rydding i kraftsoner, vegoppmerking og skilting, brøyting og strøing om vinteren.

Statens vegvesen har utarbeida ei liste over fylkes- og kommunale vegar i Hordaland for 2008. Lista inneheld opplysningar om veglengde, tillatt bruksklasse, aksellast i teleløysinga, maksimal totalvekt (tonn) og største tillatte vogntoglengde (m).

Målgruppe

Alle som brukar kommunale vegar - køyrande, gåande, syklande, osv.

Vilkår

Dei som brukar vegane, må halde vegen fri etter dei retningslinene som kommunen gir, ikkje skade offentleg veg eller fjerne innretningar som høyrer til vegen. Ein må heller ikkje lagre ting på vegområdet eller langs vegen innanfor byggjegrensefeltet.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no