Drikkevatn som kommunen leverer, skal vere hygienisk trygt, klårt og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan føre til fare for helseskade ved vanleg bruk.
Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar (katastrofar osb.) gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil forbrukarane og næringsverksemder bli informerte om situasjonen og om kor lenge den mellombelse/provisoriske vassforsyninga vil vare. I område utan kommunal vassforsyning må innbyggjarar, næringsliv osb. etablere eiga ordning for vassforsyninga. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at det finst tilfredsstillande vass- og avløpsløysingar.
Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskriften, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.
Eigarar, innbyggjarar og brukarar av høvesvis bustader, institusjonar og næringsbygg
Tenesta gjeld vatn som er levert gjennom det kommunale leidningsnettet og føreset tilknyting til dette. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve. Vasskvalitetsavvik som skuldast forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, for eksempel til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne bli levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annan måte.
Mattilsynet er statleg mynde på drikkevassområdet og fører tilsyn med at kommunen (vassverkseigar) følgjer krava i drikkevassforskriften.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223