Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Tekniske tenester / Opptenning av eld utandørs

Beskrivelse

Det er forbode å tenne opp eld utandørs på ein slik måte at det kan føre til brann. Dersom du skal gjere opp eld, er det viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på denne aktsemdplikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar.

I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. Du kan altså brenne hageavfall eller tenne St. Hansbål utan å innhente løyve, forutsett at dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skogmark og tilhøva elles gjer det forsvarleg. Likevel bør du i slike tilfelle gje melding til brannvesenet over telefon.

Dersom du skal utføre flatebrenning eller brenne hogstavfall i skogmark, eller utføre gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark, er det eit krav at det skal vere ein ansvarleg leiar som skal utarbeide planar for brenninga og som skal sjå til at brenninga gjennomførast på ein forsvarleg måte. Desse krava vil først og fremst vere aktuelle i samband med jord- og skogbruksverksemd. Det generelle forbodet mot open eld i skogmark i perioden 15. april til 15. september gjeld ikkje slik brenning.

Målgruppe

Alle som har tenkt å tenne opp eld utandørs, mellom anna brenning av hageavfall og anna bålbrenning.

Vilkår

Bruk av open eld skal skje under omsyn til dei avgrensingane som er nemnde over. Ver merksam på at brannsjefen alltid kan forby opptenning eller krevje open eld sløkt dersom det er openberr brannfare. Hugs òg på at bruk av open eld kan vere avgrensa eller forbode som følgje av anna lovgiving enn brannlovgivinga, for eksempel dersom det kan vere til allmenn sjenanse.

Brosjyrer

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Veiledning

Du bør gje melding til brannvesenet over telefon dersom du skal brenne hageavfall eller tenne opp eit St. Hansbål. I samband med flatebrenning osb. knytta til jordbruks- og skogbruksverksemd må det sendast melding til brannvesenet i god tid før brenninga skal gjennomførast. Det skal utarbeidast planar for gjennomføringa, og brannvesenet avgjer om det ønskjer å sjå planane.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Dersom du ikkje får løyve, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagaskal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til klagenemnda.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no