Før du fyrer opp:
Sjå til at alle delar i fyringssystemet er tilpassa og verkar som dei skal
Om det er fleire omnar kopla til same skorstein, bør dei som ikkje er i bruk vera stengde
Sjå til at rommet der omnen står får tilført nok forbrenningsluft, det kan vera for lite berre med opne ventilar i vindauge
Dersom ventilator e.l. står på, må ein kanskje opna eit vindauge
Opptenning:
Bruk tilstrekkeleg papir / brikett og småved til opptenning
Opne alle trekkreguleringar i omnen. La gjerne omnsdøra stå på gløtt for å få best mogeleg trekk, medan omnen, røykgangen og skorsteinen oppnår driftstemperatur
Dei fyrste gongane det vert fyrt om hausten vil det ta noko tid før skorsteinen er uttørka og oppvarma, dette påverkar trekken
Fyringa:
Veden bør lufttørka i minst eitt, helst to år
Mindre bitar gjev større overflate og meir effektiv forbrenning.
Betre med fleire små, enn få store ilegg. Unngå "rundfyring"!
- Legg innpå ny ved når det er berre glør att i omnen. Om ein fyrer om kvelden, vil dette gje varme utover natta, meir enn om store vedkubber ligg og ulmar.
Glørne som ligg att vil gjera det lettare å fyra opp om morgonen
- Om det vert for varmt slik at ein må lufte, er det berre bra.
Då får ein skifta ut mykje dårleg inneluft
- For å fyre riktig må trekken i skorsteinen vera riktig. Generelt sett kan ein sei at trekken skal vera så liten at det kjem litt røyk ut når ein legg innpå ny ved. Då får den kjemiske reaksjonen som går føre seg i omnen tid nok til å verta fullstendig. Ved "rundfyring" nyttar ein berre 20 – 30% av energien i veden, ved riktig fyring opptil 80%. For mykje og for lite trekk er gale begge delar, veden skal brenna med ein rein og roleg flamme
- Ved å feia / gjera rein omnen og skorsteinen grundig, oppnår ein raskare driftstemperatur og omnen gjev meir varme frå seg
- Nyare omnar er "reintbrennande", dvs. at dei brenn røykgassane også. Dei er særs miljøvenlege og mykje meir effektive enn andre omnar. Vedforbruket vert monaleg redusert, i somme høve halvert. For dei som nyttar vedfyring er ein slik omn å anbefala
Helsing feiaren i Radøy
Sist oppdatert: 06.09.2009