Nokre råd om branntryggleik
I stova:
- Hald auga med levande lys, sløkk dei om du forlet huset /går til køys o.l.
- Freista unngå lysestakar/ lysmansjettar/ dekorasjonar i brennbart materiale, likeeins lysestakar som ikkje står støtt.
- Bruk gjerne sjølvslokkande lys og av typen som ikkje brenn heilt ned.
- Bruk berre ”te-lys” i høvelege stakar.
- Slå alltid av fjernsynet med av/på knappen på apparatet, ikkje med fjernkontrollen når du forlet huset eller går til køys for natta
- Sjå til at det er tilstrekkeleg lufting rundt fjernsyn / PC / stereoanlegg.
- Bruk ikkje for mange støpsel i ein og same skøyteledning / stikkontakt.
- Unngå sjøyteleidningar gjennom dører og vindauge. Dersom dei får ein knekk, kan det verte brist i leidningane inne i kabelen. Dette fører til varmgang, som igjen kan føra til brann.
- Trekk ikkje ut støpsel o.l. etter leidningen. Ta tak i støpselet. Slå av aparatet først!
- Sjekk at det ikkje er sterkare pærer i lampar og lampettar enn dei er berekna for. Dette viser ofte som brune skjermar
- Frittståande oljeomnar bør ikkje stå på når det ikkje er folk i huset. Sjekk for evt. oljelekkasje, då skal dei vrakast
- Sjå til at gardiner, dukar o.l. ikkje held god avstand til elektriske omnar.
- Vedomnar/fyring, sjå råd om vedfyring
På kjøkkenet:
- Slå alltid av kaffitraktar, vasskokar, brødristar o.l. etter bruk, og drag støpselet ut av stikkontakten etter bruk.
- Forlat ikkje huset når du lagar mat på komfyren.
- Dersom det byrjar brenna i ei gryte, legg lokk på. Ikkje bruk vatn på varmt feitt / smolt el.l.
- Slå av oppvaskemaskina med av/på brytaren etter bruk, ikkje la den gå om natta.
På vaskerommet:
- La ikkje vaskemaskiner og tørketrommel gå om natta eller når du ikkje er i huset.
- Tøm lo-filter o.l. før bruk.
- Unngå skøyteleidningar på våtrom.
På soverommet:
- Bruk berre fastmonterte lampar og omnar på barnesoverom, ikkje frittståande omnar og lampar som kan kvelva / falla ned.
- Monter gjerne røykvarslarar på alle soverom, spesielt på barnesoverom.
- Dersom det er over 5 m. ned til bakkenivå er det krav til brannstige.
- For dei som har hus over flerie etasjar er ein slik stige å anbefale. Vindaugo bør vere sidehengsla, ha ein storleik på minst 0,6m langt og 0,5 m. breitt, eller summen av høgde og breidde minst 1,5 m.
Minst annakvart rom bør ha slike vindauge dersom utgangen ikkje kan nyttast som rømingsveg.
Sløkkjemiddel/ røykvarslarar:
- Alle hus/ leiligheiter/ bueiningar skal ha min. 1 røykvarslar som kan høyrast i alle rom, og min. 1 godkjend sløkkjemiddel. Dette er huseigar sitt ansvar.
- Sjekk røykvarslarane månadleg, batteribyte den 1.12. årleg, gjerne seriekopla varslarar. Helst 1 i kvar etg. Føl mont.anv. når dei vert montert, ikkje veggmontert. Røykvarslarar bør bytast ut etter om lag 10 år.
- Snu / rista pulverapparatet minst 2 gonger årleg, jul / jonsok er lett å hugse. Du skal høyre / kjenne at pulveret bevegar seg inne i apparatet. Sjekk at trykket på manometeret står på grønt. Service kvart 5. år, storsjekk kvart 10. år. Husbrannslange er å anbefala
- Ta gjerne ei lita ”brannøving” i heimen saman med borna, der ein går gjennom kva ein skal gjere i høve ein evt. brann. Det bør gjerast årleg
mvh
Terje Håland
Radøy Brannvern
Sist oppdatert: 14.05.2012