Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Sosiale tenester / Rusomsorg / Rusmiddelmisbrukarar - tiltak

Beskrivelse

Tenesta gjeld hjelp til å komme bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel. Tenesta skal også omfatte råd, rettleiing og hjelp til familien. Rusmiddelmisbrukarar har også krav på dei ordinære tenestene etter sosialtenestelova og kommunehelsetenestelova.

Målgruppe

Rusmiddelmisbrukarar og familiane deira.

Vilkår

Dersom klienten ikkje er motivert for eit behandlingsopplegg med tanke på å bli rusfri på det aktuelle tidspunktet, skal kommunen kunne tilby andre støttetiltak.

Pris

Tenesta er gratis.

Samarbeidspartnere

  • Primærhelsetenesta
  • Spesialisthelsetenesta
  • Fylkesnemndene for sosiale saker, som er statlege organ under Barne- og familiedepartementet, behandlar tvangssakene innanfor rusomsorga

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gi ei skriftleg fullmakt som blir lagt ved søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.

Vedlegg

Eventuell fullmakt.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når dei meiner at vedtaket vil bli gjort.

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Annet

Kontakt oss

NAV Radøy sosiale tenester
Postboks 43
5931 Manger
Tlf: 55 55 33 33
E-post: nav.radoy@nav.no

Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no