Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Sosiale tenester / Rusomsorg / Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Beskrivelse

Legemiddelassistert rehabilitering skal hjelpe pasientar som er avhengige av morfin, heroin og liknande (såkalte opiat), til å betre livskvaliteten. Målet er å styrkje evna til å meistre livet og å hindre overdosedødsfall. Sterkt vanedannande legemiddel i ein bestemt dose går inn som eitt av fleire tiltak i rehabiliteringa. Ulike kontrolltiltak skal sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og at uvedkommande ikkje får tilgang til legemiddelet.

Spesialisthelsetenesta skal ta initiativ til å utarbeide ein individuell plan for å koordinere dei ulike tiltaka. Dette skal skje i samarbeid med pasienten, den kommunale helse- og omsorgstenesta, allmennlege i primærhelsetenesta, barnevernstenesta og andre aktuelle instansar.

Vilkår

Det skal gjerast ein samla vurdering av helsetilstanden til pasienten. Legemiddelassistert rehabilitering skal som hovudregel ikkje vere det første behandlingsalternativet ein vel. Andre tiltak skal konkret vurderast først. Pasienten sin alder og kor lenge vedkommande har vore rusavhengig er viktige moment i vurderinga.
 

Samarbeidspartnere

  • Spesialisthelsetenesta
  • Den kommunale helse- og omsorgstenesta
  • Allmennlege i primærhelsetenesta
  • Barnevernstenesta
  • Andre aktuelle instansar

Veiledning

Det er lege i spesialisthelsetenesten som avgjer inn- og utskriving av legemiddelassistert rehabilitering etter tilvising frå allmennlege eller sosialtenesta. Gjennomføring av behandlinga og rekvirering av legemiddel kan overlatast til allmennlege i primærhelsetenesta.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt din rett til helsehjelp, kan du etter pasientrettlova vende deg til tenesteytaren/institusjonen. Neste trinn er Helsetilsynet i fylket.
 

Annet

Kontakt oss

NAV Radøy sosiale tenester
Postboks 43
5931 Manger
Tlf: 55 55 33 33
E-post: nav.radoy@nav.no

Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no