Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til livsopphald. I dette ligg pengar til det som blir rekna som naudsynlege gode, som mat, husleige, straum, og ev. nødvendige klede.
Dei som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.
Dersom du ikke kan forsørgje deg sjølv, og har prøvd alle andre utvegar, har du krav på stønad til livsopphald. Det kan bli stilt vilkår for hjelpa. Du kan bli beden om å dokumentere kva andre utvegar du har prøvd
Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om økonomisk sosialhjelp.
Søknader blir behandla så raskt som mogleg. Men det kan hende at behandlinga blir forseinka dersom du ikkje kan dokumentere den situasjonen du skildrar i søknaden. Da må saksbehandlaren eventuelt kontakte deg for å be om fleire opplysningar / meir dokumentasjon.
Nav-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi det. Nav vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i Nav som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
NAV Radøy sosiale tenesterPostboks 435931 MangerTlf: 55 55 33 33 E-post: nav.radoy@nav.no Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger