Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Sosiale tenester / Økonomisk rådgiving

Beskrivelse

Kommunen gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også vere forhandling med kreditorar og hjelp til å inngå ei gjeldsordningsavtale. Nav har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).

Målgruppe

Personar med økonomiske problem / gjeldsproblem

Vilkår

Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med fordringshavarane.

Pris

Tenesta er gratis.

Veiledning

Kontakt kommunen dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi eller dersom du har gjeldsproblem. 

Vedlegg

Til det første møtet bør du ha med deg dette:
  • Kopi av dei tre siste lønns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekking av gjeld på desse utbetalingane)
  • Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke
  • Kopi av likningsattest
  • Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret
  • Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane
  • Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld
  • Ev. utleggsoppmodingar
  • Ev. innkalling til forliksrådet
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bustad
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bil

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.

Annet

Kontakt oss

NAV Radøy sosiale tenester
Postboks 43
5931 Manger
Tlf: 55 55 33 33
E-post: nav.radoy@nav.no

Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no