Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Sosiale tenester / Mottak og etablering av fly... / Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar

Beskrivelse

Formålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at ein bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at ein har behov for grunnleggjande kvalifisering.

Den som er med på eit introduksjonsprogram, har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Deltakar under 25 år får 2/3 stønad. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Programmet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet.

Målgruppe

Nytilkomne flyktningar mellom 18 og 55 år som har fått innvilga opphaldsløyve som lista opp nedanfor. Med nytilkomen reknar ein dei som har vore i landet under to år.

Vilkår

  • Personar som har fått asyl
  • Overføringsflyktningar med innreiseløyve
  • Personar som er innvilga opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
  • Personar som blir familiegjenforente med personar i dei gruppene som er nemnde over, som ikkje har vore busette her i meir enn fem år

Pris

Tenesta er gratis.

Veiledning

Ta kontakt med kommunen så får du meir informasjon.

Søknadsfrist

Førespurnader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin måned, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysninger om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte.

Klage

Du kan klage på vedtak om

  • tildeling av program/stønad
  • vesentlege endringar i planen
  • at programmet blir stansa
  • godkjenning av permisjon

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Annet

Kontakt oss

NAV Radøy sosiale tenester
Postboks 43
5931 Manger
Tlf: 55 55 33 33
E-post: nav.radoy@nav.no

Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no