Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Sosiale tenester / Kommunalt lån (sosiallån)

Beskrivelse

Sosialtenesta kan gi lån som ei form for økonomisk stønad.

Målgruppe

Dei som mellombels er ute av stand til å betale for livsopphald, for eksempel mat, klede, husleige, straum osv., eller som treng økonomisk hjelp i ein vanskeleg situasjon.

Vilkår

Grunnvilkåret for å få kommunalt lån er det samme som for økonomisk stønad elles. Lån kan gjevast til den som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt sjølv eller som treng lån for å tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. I tillegg skal det vere sannsynleg at søkjaren vil vere i stand til å betale tilbake lånet.

Veiledning

Ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om lånet.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan bli gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi det Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket ikkje blir endra, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Annet

Kontakt oss

NAV Radøy sosiale tenester
Postboks 43
5931 Manger
Tlf: 55 55 33 33
E-post: nav.radoy@nav.no

Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no