Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Sosiale tenester / Butilbod / Omsorgsbustad

Beskrivelse

Ein omsorgsbustad med husbankfinansiering er tilpassa rørslehemma og ofte lagt til rette slik at bebuaren skal kunne ta imot heildøgns omsorg. Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester blir tekne imot på same vilkår som for andre heimebuande.

Målgruppe

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre.

Vilkår

Kommunen tildeler omsorgsbustad etter vedtekne reglar.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsbustad.

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda.

Annet

Kontakt oss

NAV Radøy sosiale tenester
Postboks 43
5931 Manger
Tlf: 55 55 33 33
E-post: nav.radoy@nav.no

Besøksadresse: andre høgda på Coop-bygget på Manger

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no