Beskrivelse
Kommunen skal gi utlendingar opplæring i norsk (250 timar) og samfunnskunnskap (50 timar), til saman 300 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som deltakaren forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Ordninga skal verke med til at utlendingar kan ta del i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.
Det skal lagast ein individuell plan for den som skal vere med. Planen skal ta utgangspunkt i opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar som har rett til gratis opplæring, skal få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 700 timar) dersom det er behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført testar for å slå fast om det er behov for opplæring ut over 300 timar.
Målgruppe
Utlendingar mellom 16 og 55 år
- som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. (Dette inkluderer: asylantar, overføringsflyktningar, arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira, personar med opphald på humanitært grunnlag, familiegjenforente til desse og familiegjenforente med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg)
Vilkår
Opphaldsløyve etter utlendingslova som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve
Pris
Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.
Veiledning
Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon.
Søknadsfrist
Førespurnader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandling
Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.
Klage
Du kan klage på vedtak om
- tildeling av opplæring
- vesentlege endringar i den individuelle planen
- at opplæringa blir stansa
- permisjon
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.