Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til born i 1. til 4. klasse og for born med spesielle behov i 1. til 7. klasse.
Elevar i grunnskulen
Eleven må vere busett i kommunen.
Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til den kommunale klagenemnda.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223