Onsdag 17.03.11 hadde 1.-4. årssteg uteskule på Radøygruppen. Alle gledde seg stort til denne dagen, og me vart ikkje skuffa. Lasse Ståløy tok fint i mot oss. Halve gruppa fekk først omvisning, medan dei andre gjorde seg kjent med bygda Vetås. Dei som var inne vart utstyrt med hjelm og vernebriller, før dei fekk vera med rundt. Då følte dei seg som verkelege arbeidarar. På vandringa såg dei litt av det ein arbeider med på Radøygruppen. Klokka 11 var det matstund for alle. Då fekk me forsyna oss fritt med god frukt og drikka. Etterpå var det dei som hadde vore ute sin tur til å vera inne på omvisning. Ein fin dag med mange opplevingar og inntrykk. Kanskje nokre av desse unge finn arbeidsplassen sin her ein dag?


Sist oppdatert: 21.03.2011