Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Skular på Radøy / Austebygd skule / Uteskule / Uteskuletur desember 2008

Me starta turen i frå skulen kl. 09.00. Ute var det kaldt og snø. Sekkane våre var pakka med god mat og varm drikke. Ferda gjekk til kvernhusa. 

Vel framme laga Alexander, som går i 10. klasse på ungdomsskulen, bål til oss. Han hadde arbeidsveka hjå oss.

Born på uteskule lagar bålElevane hadde pølser og andre godsaker i sekken sin som dei grilla på bålet. I tillegg hadde me laga pinnebrød som me hadde med oss på turen. Til dessert laga me appelsinkake.

Det var eit spanande prosjekt som alle elevane var spente på. Alle hadde med seg kvar si appelsin som me skar toppen av og så skrapte me ut innhaldet. Deretter fylte me appelsina med sjokoladekakedeig, la på toppen igjen og pakka appelsina i aluminiumsfolie og deretter på bålet.  Etter ca. 15 min på bålet var det blitt til ei kake.

 

 

Når elevane hadde utforska kvernhusa og skogen, bar turen tilbake til skulen der me varma oss litt etter ein dag ute og deretter tok me ei velfortjent helg.


Glade born på uteskule

Sist oppdatert: 07.09.2009
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Slettevegen 870

Tlf:   56 37 20 46
Fax: 56 37 22 40
E-post til skulen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no