Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Skuleåret 11/12 har me fast uteskuledag om onsdagen i omlag to tredjedelar av året. Den første perioden er frå skulestart fram til og med 9.november. Den andre perioden startar 1. februar og varer fram til sommarferien. Uteskuletida varer frå kl. 09.00- 12.30

Litt frå uteskule-kvardagen i 09/10. Det er torsdag og 1. – 4. årstrinn skal på utedag. Me har fast uteskuleplass ved foten av Lindåsen, men ofte går me og andre plassar. Veret og årstidene er med og bestemmer kor me går. Dette skuleåret har det vore mykje regn utan at det har stoppa oss. Opplevingane har såleis variert. Alle dagar har sin sjarm. Det er spennande å koma ut i marka etter at det har regna mykje. Elevane lærer fort å tilpassa seg og laga leik av det meste. Dei har ei eiga evne til å finna på noko. Rennande vatn er svært fasinerande. Det kan demmast opp, plaskast i eller ein kan få ein pinne til å verta båt. Slike aktivitetar er svært samlande for elevane, og ofte ligg det godt samarbeid bak gode idear til leik.
 
På vår skule er me så heldige at me har svært mange fine uteområde å velgja mellom. Alltid  er det noko nytt å sjå. Etter å ha gått opp nokre små steintrapper frå Trevegen, er me på Fjellet. Der er det fine steinmurar og steingardar som fortel om ei anna tid. Når så sola kjem fram, vert det ekstra triveleg. Å eta mat ute er spesielt kjekt. Då gjeld det å finna den rette plassen. Sjeldan smakar maten så godt som ute. Annankvar torsdag lagar me suppa  eller noko anna godt. Ein dag hadde me pannekaker, og då var det fest i skogen. Alle sat så fint mellom trea og venta på servering. Slike opplevingar er gode å ha med seg.

Sist oppdatert: 18.09.2011
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Slettevegen 870

Tlf:   56 37 20 46
Fax: 56 37 22 40
E-post til skulen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no