ZERO-skulen Austebygd
Saman med dei andre barneskulane i Radøy kommune, vart Austebygd skule i 04/05 med i antimobbeprosjektet Zero. For å sikra at det vert arbeidd systematisk med å sikra eit godt skulemiljø, utarbeidde me våren - 05 lokale Handlingsplan mot mobbing. Elevar, foreldre og skulen sitt personale har sidan den tid hatt sterkt fokus på Zero-arbeidet. Zero betyr null, og symboliserer i denne samanheng at me alle har null-toleranse mot mobbing. Handlingsplanen skal hjelpa oss til å ha fokus på dette.
Planen startar med ein definisjon av begrepet mobbing. Dette er eit ”motebegrep” som ofte vert brukt – også på episodar som ikkje kjem inn under definisjonen. Det er difor viktig at me alle har ei felles forståing av kva som eigentleg ligg i begrepet.
Skulen sine rutinar i forhold til både avdekking og problemløysing av mobbesaker er sentrale i planen. Me har også sett søkelys på skulen sine inspeksjonsrutinar, tilrettelegging av undervisninga og samarbeidet med heimane.
Her finn du årshjul for Zero-arbeidet vårt
Kapittel 9a i Opplæringslova handlar om skulemiljøet til elevane. Her står det m.a.:
”Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.”
Som ei vidareføringa av Kap. 9a om skulemiljøet, vedtok Stortinget i juni 2005 at det ved alle skular skal opprettast eit Skulemiljøutval (Kap. 11-1a i Opplæringslova). Utvalet skal vera samansett slik at elevar og foreldre skal vera i fleirtal. Skulemiljøutvalet skal medverka til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tar aktivt del i arbeidet med å skapa eit godt skulemiljø.
Gjennom å vektleggja eit trygt fysisk miljø, vil me på Austebygd skule leggja til rette for helsefremjande aktivitet og trivsel – både inne og på uteområdet. Samtidig skal skulen arbeida systematisk for å fremja eit godt psykososialt miljø, der elevane kan oppleva tryggleik og sosialt fellesskap.
Fokuset vårt må alltid vera på å sjå den enkelte elev, og arbeida for at ho/han opplever eit godt skulemiljø, der alle ser og tek ansvar for kvarandre.
Her kan du lesa meir om ZERO.