Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Skular på Radøy / Austebygd skule / Litt frå 5.-7. trinn i oktober-11

5 og 6 les for barnehageborna.

Annankvar torsdag les elevane for borna i barnehagen. Det er ei god kjensle for elevane å vera sett opp til av ein liten ven, og kjekt for dei små at dei store elevane bryr seg med å lesa for dei. God lesetrening for elevane er det og.

Elevane griller pølser på bålet Bildet av ein stubbe i skogen

 

 

 

 

Fredag 21.okt. gjekk 5. - 7.trinn på tur til Lindåsen. Elevane var inndelte i grupper og hadde ulike oppgåver å løysa både på vegen fram, og medan dei var der. Me skulle sjå korleis hausten arta seg på dei ulike stadane i skogen. Me hadde med oss brensel slik at me kunne tenna eit bål, og mange hadde med seg varm drikke. Det var mange gode samtalar rundt bålet medan me steikte pølser på spidd. Her var ingen sure miner, men tvert imot ein flott utedag sjølv om det var vått og regnfullt.

 

Mandag 24.okt. vart FN-dagen markert i gymsalen med sang, opplesing, veggaviser og presentasjonar.

 

Sist oppdatert: 26.10.2011
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Slettevegen 870

Tlf:   56 37 20 46
Fax: 56 37 22 40
E-post til skulen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no