Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Austebygd skule er ein fådelt barneskule med 4 klassar, og ligg på austsida av øya Radøy. Skulekrinsen strekkjer seg frå Sletta i sør, til Mjøs og Straume i nord. På Sletta ligg også Emigrantkyrkja og Vestnorsk Utvandringsenter.

Skulen har flotte naturområde i nærmiljøet, og har gjennom mange år hatt uteskule som eit viktig og positivt satsingsområde.

Austebygd barnehage er skulen sin næraste nabo - og frå 1998 har skulen og barnehagen hatt felles administrasjon.  Det er eit nært samarbeid mellom skulen og barnehagen, både gjennom pedagogiske og sosiale aktivitetar.

Også skulefritidsordninga og barnehagen har eit tett samarbeid.

Austebygd er utnemnd til KOLIBRI-skule/barnehage, ein ærestittel skulen og barnehagen fekk tildelt etter mange års fast støtte til CARF og Gregory Smith sitt arbeid for gatebarn I Brasil.

Austebygd er i tillegg ein engasjert Zero-skule – med nulltoleranse for mobbing.

 

Sist oppdatert: 11.01.2012
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Slettevegen 870

Tlf:   56 37 20 46
Fax: 56 37 22 40
E-post til skulen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no