Onsdag 4.november var 6.trinn på gardsbesøk igjen. Då skulle dei driva med beiterydding.


Ein av elevane har skildra si oppleving av turen slik: " Me var på beite heile dagen. Me gav tørrhøy til sauene på vegen til området. Me hadde med oss tre hekksakser og to sager. Så var me i gang. Etter ei stund tok me matpause. Me hadde nydeleg ver!!. Og etter matpausen gjekk me i gang igjen, og då var det store tre som stod for tur!! Mange små og store einer blei felt, ein etter ein!! Då stod heimturen for tur. På turen heim stoppa me ved ei stor eik som var frå 1900. Den gangen var det ein mann som ville kjøpa eika for 100 kroner!! Men eigaren ville ikkje selja! Så eika står der den dag i dag. Då me kom på garden var me ein liten tur i floren. Der var det tre griser, ein kalv og ei kyr som hadde jurebetennelse."
Sist oppdatert: 20.01.2011