Inn på tunet-eit nytt undervisningsopplegg for elevane på 6.trinn
Ein gong i månaden skal 6.trinn på Austebygd skule få besøkja garden til Kjersti Flatråker og Bjarte Sæbø. Her skal elevane ha fokus på m.a. årsrytmen på garden og vera med på praktiske gjeremål i tilknyting til dette. Onsdag 2.september hadde elevane sitt første besøk på Noranger-garden. Besøket starta med markvandring og det å bli kjend med folk og dyr på garden. Elevane fekk hauste inn eindel grønsaker frå åkeren for derretter å lage ei nydelig god betasuppe.
Sist oppdatert: 23.01.2011