Foreldreskule på Austebygd skule hausten 2009
Foreldra til elevane på 1.trinn var inviterte til foreldreskule. Første samling var i samband med førskuledagen i vår. Andre og tredje samling var på kveldstid 31. august og 7. september.
Innhald: Informasjon om skulen vår, uteskulen, korleis me arbeider i timane: fagleg (spesielt om matematikk og norsk) og sosialt.
Samtale/diskusjon: Kva er skulen si oppgåve, kva er heimen si oppgåve?
Tips om korleis ein kan hjelpa barnet med heimearbeidet: Fokus på ros, oppmuntring og det å visa interesse.
Bildepresentasjon av elevane sine første skuleveker.
Sist oppdatert: 23.01.2011