Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Samspel ute

Steg for steg

Elevane på 5. til 7. trinn brukar  undervisningsopplegget
"Steg for steg" for utvikling av sosial kompetanse. Denne undervisninga er fast på timeplanen kvar veke.
Målet er å arbeida med haldningar og åtferd. Gjennom dette opplegget skal elevane læra å forstå eigne og andre sine  kjensler, og å tenkja seg inn i andre sin situasjon. Leksjonane er trykt på biletplansjar med rettleiing på baksida. Rettleiinga inneheld spørsmål til diskusjon, forslag til rollespel og andre aktivitetar. Her god tips og råd om korleis ein kan følgja opp læringa i skulekvardagen og heime.

 

Ei sterkt felles satsing både frå barnehage –skule - heim vil vera heilt avgjerande for å oppnå gode resultat i dette arbeidet. Målet er m.a. å arbeida systematisk med å utvikla den enkelte elev i å meistra det sosiale samspelet med andre, og gjennom det leggja til rette for  eit svært godt miljø både i barnehagen og på skulen.

Sist oppdatert: 07.09.2009
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Slettevegen 870

Tlf:   56 37 20 46
Fax: 56 37 22 40
E-post til skulen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no