Våren byrjar so smått å koma, og store og små på Austebygd nyt soldagane med leik og moro. Sandkassen er full av energiske vegbyggjarar, og på bakkane rundt skulen er det fullt liv.
Å ha det kjekt saman er viktig både ute og inne, og konkurranse, der ein lagar bokstavar og tal med kroppane sine ,er spanande og lærerikt. Dei får brukt mange sansar i innlæringa og får god sosial trening.
Elevane er glade i musikk, og me har arbeidd med rytmar, rytmeinstrument og komponering. Det vart mange fine musikkstykke av det. Denne veka avslutta me temaet med å framføra sjølvlaga historiar av det skumle slaget, med lydeffektar til.
Me har og byrja å øva på songane som me skal ha på den årlege påskekafeen, til inntekt for Gregory Smith sitt arbeid blant gatebarn i Sao Paulo. Den vert fredag 15. april på Austebygd skule.


Sist oppdatert: 31.03.2011