Torsdag 14.april hadde me besøk av ordførar Jon Askeland på Austebygd skule. Han skulle vere med 3. og 4. årsteg på " Ungt entrepenørskap". Då skulle me i lag forma eit lokalsamfunn slik me ville ha det. Det var mange idear om korleis eit godt lokalsamfunn skulle vera. For å koma fram til forslag alle kunne vera samde om, måtte ein følja demokratiske spelereglar. Ein fekk og litt kjennskap til at ein måtte betala skatt om eit samfunn skulle fungera. Ein fin og lærerik dag.


Sist oppdatert: 03.05.2011